Telemarklam

Rett frå fjellet

Les meir

https://www.youtube.com/watch?v=Qw-NhA2TkOw

Bli med Bjørg og Kim ein tur på sommarbeite på heia

På eit rundt 65.000 mål stort og frodig beiteområde på heiane i Vest-Telemark, lever meir enn 2.000 sau det gode liv på fjellbeite kvar sommar. Sjå filmen og bli med Bjørg og Kim Hopland ein tur i den flotte naturen og få eit lite innblikk i ein sauebonde sin kvardag.

Spælsau – hardfør og tilpassingsdyktig

Sau frå Telemarklam er i hovedsak spælsau som er blant dei eldste sauerasane i Norge. Spælsauen er tøff, hardfør og stortrivast på sommarbeite på dei store og frodige heiane i Vest-Telemark.

Les meir

Med smaken av urter, fjell og rein natur

Telemarklam er reint og naturleg kjøt frå sau som kjem rett frå dei flotte fjellbeitene i heiane i Vest-Telemark. Heile sommaren beiter dyra i urørt natur, med frisk luft og saftig gras, med mykje gode urter. Det gjer smaken på kjøtet fantastisk godt. Det vil du merke på smaken.

Våre produkter

Kvifor heiter det pinnekjøt?

Omgrepet pinnekjøt stammar frå måten kjøtet blir tillaga, som tradisjonelt har vore å dampe kjøtet på bjørkepinnar. Mange trur nok at namnet kjem av bruken av saueribbe, men slik er det altså ikkje. Det inneber at pinnekjøt ikkje berre treng å vere ribbe. I Telemarklam lagar vi pinnekjøt av heile dyret. Våre pinnekjøtpakker innheld difor også bogstykker, rygg/sadel, og lårskiver. På den måten får du som kunde mykje meir kjøt, med mindre bein og feitt per kilo vare.

Slik lager du pinnekjøt

Historisk hotel med flott mat

Vi er utruleg stolte over at «eventyrhotellet» Dalen Hotel serverer sine gjester blant anna sommarlam frå Telemarklam. Det ærverdige hotellet vart opna i 1894, og er bygd i ein overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn og spir, altanar, utspring og gesimsar. Dalen Hotel er verd eit besøk. Ikkje minst på grunn av den fantastiske maten.

Les meir om Hotel Dalen

Du får også kjøpt vårt pinnekjøt i Meny-butikkar i Vestfold og Telemark!