Omgrepet pinnekjøt stammar frå måten kjøtet blir tillaga, som tradisjonelt har vore å dampe kjøtet på bjørkepinnar. Mange trur nok at namnet kjem av bruken av saueribbe, men slik er det altså ikkje. Det inneber at pinnekjøt ikkje berre treng å vere ribbe. I Telemarklam lagar vi pinnekjøt av heile dyret. Våre pinnekjøtpakker innheld difor også bogstykker, rygg/sadel, og lårskiver. På den måten får du som kunde mykje meir kjøt, med mindre bein og feitt per kilo vare.