Vanlege Spørsmål

Spørsmål vi ofte får

Lam frå Taraldlien gard er hovudsakleg spælsau, men og ein del norsk kvit sau. Spælsau stammar frå gamalnorsk sau og gamalnorsk spælsau som mange meiner var dei fyrste sauerasane i Noreg. Spælsau er liten og spedbygd. Likevel er den kjent som ein tøff og hardfør sau som er godt tilpassa det norske klimaet. Den er også svært fruktbar. Søyene mjølkar godt og tar godt vare på lamma sine. Spælsauen har dessutan eit sterkt flokkinstinkt og er lettare å samle enn til dømes norsk kvit sau som ofte beiter meir spreidd i mindre grupper. Difor egnar spælsau seg godt til sommarbeite på fjellet.

Telemarklam beitar i vakker og frodig hei frå 600mo.h. til vel 1000mo.h. i Fyresdal heile sommaren. Sommarbeite med saftig og proteinrik vegetasjon skaper trygge, sunne og lite stressa dyr som medverkar til å gje kjøtet den gode smaken. Lamma blir ikkje sluttfora på kraftfôr, noko som gir deg smaken av fjellet.

Nei. Sau treng generelt lite kraftfôr, og våre sauer og lam beiter på naturleg, sunn og god vegetasjon på fjellet heile sommaren. Likevel kan vi ikkje seie at vi driv økologisk. Den viktigaste årsaka til det, er at vi bruker kunstgjødsel til graset for å få ei god avling. Vest-Telemark er ikkje godt egna for økologisk drift, med tanke på avling. Vi gjer også eit tillegg av kraftfôr til sauen på vinteren, slik at ho er i godt hald når ho skal bere fram lam på våren. Dette gjer at søya mjølker bra og er godt rusta til ein flott sommar i heia. Norge er eit land med mykje rein uberørt natur. Sau frå Telemarklam går heile sommaren på fjellet, og det er naturlig og flott for oss.  Generelt i Norge blir det bruka svært lite antibiotika og anna medisin. Dette er bra for deg som forbrukar! Reint og naturleg kjøt.

Omgrepet pinnekjøt stammar frå måten kjøtet blir tillaga, som tradisjonelt har vore å dampe kjøtet på bjørkepinnar. Mange trur nok at namnet kjem av bruken av saueribbe, men slik er det altså ikkje. Det inneber altså at pinnekjøt ikkje berre treng å vere ribbe. I Telemarklam lagar vi pinnekjøt av heile dyret. Våre pinnekjøtpakker inneheld difor også kjøt av bog, rygg/sadel, og lår. På den måten får du som kunde meir kjøt, med mindre bein og feitt pr. kilo vare.

Lam frå Telemarklam blir slakta og delt av det anerkjente slakteriet Jens Eide i Lillesand. Verksemda har svært høge krav til rutinar og kvalitet, og fokus på mest mogleg skånsam behandling av dyra. Alle dyra blir registrert, slik at produkta kan sporast tilbake til kva for eit gardsbruk råvarene kjem frå. Å levere dyr til Jens Eide Slakteri, gir difor ein tryggleik og garanti for at alt går rektig for seg, både for kunde og bonde.

Det er strenge krav til frakting av ferskvare i Norge. Vi i Telemarklam er med i eit samarbeid med blant anna Holte Gård om frakt. Det gjer at ferskt kjøt blir frakta ut til kundane på avtalt stad med kjølebil. Holte Gård er ein av dei fremste produsentane av økologisk gås, and og kylling i Norge, og har høg kompetanse på behandling og frakt av ferske kjøtprodukt. Bestiller du ferske varer frå oss, er det viktig at vi kjem i kontakt med deg i forhold til levering.

Ja, det blir automatisk oppretta ein konto på deg når du handlar i nettbutikken. Kontoen blir automatisk sletta etter 6 månader om du ikkje handlar noko meir. Om du ynskjer å få sletta informasjon før det, er det bare å ta kontakt med oss på epost: kim@telemarklam.no. Du kan sjølvsagt også bestille varer av oss på same epost, eller telefon (922 18 891).

Tilverking av pinnekjøt og fenalår er handverk som krev tid, og din bestilling vil vere klar for levering frå slutten av november(veke 48, 49 eller 50) – altså i god tid før jol. Det kan og lat seg gjere å levere tidlegare, frå ca. 15. november. Send i så fall ein epost til kim@telemarklam.no

Her kan du lese vår

Personvernerklæring