Spælsau

Som skapt for fjellbeite

"Ursauen"

Sau frå Telemarklam er for det meste spælsau. Denne sauerasen stammar frå «ursauene» gamalnorsk sau og gamalnorsk spælsau. Spælsauen var i bruk allereie i jernalderen, og  mange meiner det var den opphavlege sauerasen i Norge.

Sau 60x60

Tar godt vare på lamma

Spælsau er den nest vanlegaste sauerasen i Norge. Norsk kvit sau er den vanlegaste. Til skilnad frå den, er spælsau noko mindre. Likevel er den kjend som ein tøff og hardfør sau som er godt tilpassa det norske klimaet. Den er også svært fruktbar, gir flott ull, og er eit bedre flokkdyr. Søyene mjølkar godt og tek godt vare på lamma sine.

Stortrivast på fjellbeite

Spælsauen har eit sterkt flokkinstinkt og er derfor lettare å sanke enn norsk kvit sau som ofte beiter meir spreidd i mindre grupper. Derfor eignar spælsau seg også godt til å beite fritt på store beiteområder i fjellet, slik som på dei frodige heiane i Vest Telemark. Våre sauer stortrivast på fjellbeite om sommaren.

received_10154726177622116