På frodig sommarbeite på Vestheia i Fyresdal

Det gode liv på fjellbeite

På det rundt 65.000 mål store og frodige beiteområdet til Vestheia beitelag i Fyresdal, lever meir enn 2.500 sau det gode liv på fjellbeite kvar sommar. Besetninga på Taraldlien består i dag av om lag 160 vinterfôra sau som gjer rundt 300 lam årleg. I tillegg til våre eigene lam, kjem Telemarklam til å selge og videreforedle kjøt frå andre bønder der kjøtet garantert kjem rett frå fjellbeite i Vest Telemark.

Eit gedigent matfat

Når sauen blir frakta til sommarbeite tidleg på våren, kjem de til eit gedigent matfat av fjellbjørk med lyse-lysegrøne blad, lysegrønt gras inn i mellom og – ikkje minst – eit hav av urter. Her lever dei det gode liv i fridom og kan velje frå øvste hylle i spiskammeret av nærande planter og urter.

Fritt og godt beite med høg næringsverdi

Fjellbeite ligg like ved, eller over skoggrensa. Vegetasjonen består av grasarter, lav og starr-arter som liknar på, og er nært i slekt med gras. Den reine grasveksten er ofte sparsam, men plantene i høgfjellet blir meir bladrike, rikare på protein og fattigare på trevlar enn i låglandet. Derfor blir næringsverdien høg.

På sommerbeite med ansvar for 2500 sauer

Sondre Hopland (17) er eldsteson på Taraldlien, og ein av fleire som jobbar som sauegjetar på sommarbeite. Saman med boarder collien Frøya har han ansvaret for at sauen og lamma deira har det bra. Det er ikkje noko lita oppgåve å sjå til 2.500 dyr som beiter på et område på meir enn 65.000 mål. Rovdyr i området, gjer sitt til at det er viktig med folk i terrenget. Det er med på å skremme dei vekk på grunn av lukt. Ein viktig del av sauegjetaren sin jobb er også å halde oppsyn med at turistar overheld bandtvangen.