Oppskrifter

Slik førebur vi pinnekjøt her hjå oss på Taraldlien gard

Bjørg og Kim Hopland inviterer oss heim på kjøkkenet og visar oss korleis dei førebur festmiddag av pinnekjøt der til gards. Kim visar også korleis han lagar kålrabistappe – ifylgje Bjørg den beste i verda. Ho meiner spesielt «pepartrikset» hans er verd å få med seg 🙂

Våre beste oppskrifter

Her har vi samla nokon gode oppskrifter på lammekjøtrettar. Vi vil gjerne ha fleir. Har du ei god oppskrift på ein lammekjøtrett, tilbehør eller kanskje ein godt eigna dessert? Då er det veldig hyggeleg om du deler den med oss.  Alle oppskrifter som leggjast ut på nettsida vår, blir sjølvsagt kreditert med bidragsytarens namn. Ta gjerne bilde og send med. Du kan også legge det på instagram med #telemarklam!

Send oss gjerne din oppskrift på epost

Pinnekjøt med Kim si eigen kålrotstappe

4 personar

INGREDIENSAR

Pinnekjøt

1 Pakke pinnekjøtt frå Telemarklam (ca 1,5KG)

 

Kålrotstappe

2-3 kålrøter (ca. 1,2 kg)

3-4 poteter

2 Gulrøter

50-100 gr. Smør

1-2 dl. Fløte

Heil Pepar (etter smak)

Litt raspa muskatnøt

Salt

SLIK GJER DU

Pinnekjøtet skal ligge i vatn i 24-30 timar. Om du vil ha det mindre salt, kan du gjerne byte vatten, men treng ikkje.

Pinnekjøtet dampkokast på pinnar eller poteter i ca. 3 timar. Vi brukar potet, da desse blir salte og gode når dei ligg under pinnekjøtet når det kokar. Kjøp gode kokefaste poteter. Det er viktig å dekke potetene med vatn og at dei ikkje blir skrelt før koking. Dei blir ikkje øydelagt.

Del opp kålrot i terningar, og skrell nokre poteter til å ha oppi, samt eit par gulrøter for fargen. Kokast til kålrota er mør. (ikkje ha salt i kokevatnet).

Stapp kålrot og potet saman, ha i godt med smør og fløte til stappa blir jamn. Rist ca ein pose heil pepar i ein kjele til peparkorna «dansar». Hell alt i ein morter og knus. Hell i pepar etter smak. Dette gir en fyldig og god peparsmak, men blir ikkje sterkt. Smak til med kraft fra pinnekjøtet, salt og litt raspa muskatnøt.

Taraldlien si haustgryte

6 personar

INGREDIENSAR

Lammegryte

1kg kjøtt av lam

1-2 Kinesisk kvitlauk

1-2 chili med frø

1 Liten boks tomatpurè

3 ss rapsolje

2 bokser hakka tomater med kvitlauk, oregano og basilikum.

1 squash

1/2 boks ferske champignon

1 gul lauk

3 paprika

1/2 bunt kruspersille

5 dl vatn

ca 2 ss kyklingfond eller buljong

1-2 ts sukker

Salt

Pepar

SLIK GJER DU

Ha olje i ei jerngryte og brun lett kjøtet, og legg det til side.

Finhakk kvitlauk og chili, og surr dette i olje saman med tomatpure. Tilsett så 5 dl vatn og hakka tomater. Smak til med Kyklingfond eller buljong, salt, pepar og sukker.

Legg kjøtet oppi, og kok i ca ein time til kjøtet er mørt.

Skjer opp resten av grønsakene og ha de i, og kok i 20 min til.

Rett før serving har du i hakka kruspersille.

Serverast med ris.

Tips: Bruk gjerne Fenikkel om du likar det. Det gjer ein nydelig smak av anis i gryta.

Grilla lammeskiver med fersk timian, kvitlauk og chillimarinade

4 porsjonar

INGREDIENSAR

1kg lammeskiver / kotelettar

Potet

Salat

Olje

Timian 

Kvitlauk

Chili

Salt 

Pepar

SLIK GJER DU

Legg lammekjøtet i ei eldfast form eller ein tallerken i romtemperatur. Gni inn salt og pepar på kjøtet. Hell over olje, hakka kvitlauk, hakka chili og litt fersk timian, og la det ligge i romtemperatur i 2-3 timar.

Grill eller steik kjøtet på høg temperatur, ca 2 min på kvar side.

Server med f.eks stekte båtpotet, og ein enkel salat. Det er også godt med grilla paprika, lauk og fenikkel til.

Tips: Bruk krydder etter smak, men ikkje «parfymer» lammekjøtet for mykje, da dette tar bort mykje av den gode smaken.