Om oss

Telemarklam - rett frå fjellet!

Telemarklam AS vert driven av familien Hopland frå garden Taraldlien i Fyresdal. Odelsjenta Bjørg og mannen hennar, Kim Hopland overtok garden sumaren 2009, og har drive med sau sidan 2010. Dei to er svært opptekne av tradisjonsmat og god dyrevelferd. I fleire år har dei i det små drive med sal av ferskt kjøt og pinnekjøt av lam som kjem rett frå fjellbeite. Alle dei gode tilbakemeldingane på smak og kvalitet gav bokstaveleg talt meirsmak, og i 2017 bestemte dei seg for å satse for fullt og etablere Telemarklam AS.

Besetninga på Taraldlien består i dag av 160 vinterfôra sau som gir om lag 300 lam årleg. I tillegg til eigne lam, foredler og sel Telemarklam også kjøt frå andre sauebønder i Fyresdal  og Vest-Telemark. Det er utvalde bønder, med dei same strenge krava til dyrehald, kvalitet og at kjøtet kjem rett frå heibeite, utan sluttforing med kraftfôr.
Foto: Gunhild Momrak

Det gode liv på fjellbeite

Telemarklam er kjøt frå lam som kjem rett frå sommarbeite på heia. Her får kjøtet ein nydelig smak av urter og fjell. Bjørg og Kim er svært opptekne av god dyrevelferd og å utnytte beiteressursane på best mogleg måte. Sauen frå Taraldlien lever då også verkeleg gode liv, der dei heile sommaren beiter på den frodige Vestheia som strekkjer seg frå Fyresdal og vestover mot Setesdalsheiene. Sommarbeitet byr på saftig vegetasjon med masse gode urter. Det vil du merke på smaken!

Tarldlien - ein eldgamal gard

Taraldlien gard i Fyresdal er svært gammal. Det vert sagt at den fyrste gong garden blei omtala på gammalnorsk var i eit skinnbrev allereie i 1459. Den gamle ærverdige garden ligg eventyrleg vakkert til i dei bratte liene nordvest i Fyresdal.  Held du fram nokre kilometer kjem du opp på det mektige og frodige heilandskapet der sauene går på beite heile sommaren. Her kan du lese vår sokneprest Øyvind Mæland si vakre skildring av livet på Taraldlien: Taraldlien gard i Fyresdal av Øyvind Mæland

Familien på Taraldlien

Taraldlien gard har i mange generasjonar gått i arv i Bjørgs familie. I dag er det altså som nemnd Bjørg og Kim Hopland som driv garden. Med fagutdanning i sauehold og lokal foredling, er det Kim som har hovudansvaret for den daglege drifta, men også Bjørg og dei to sønene Sondre (17) og Kristian (13) deltek ivrig i verksemda, både på garden og på sommarbeite på Vestheia. Eldstemann Sondre har vore aleine på fjellet som sauegjetar. Beiteområdet er på heile 65.000 mål, og saman med gjetarhunden Frøya passar han på kring 2.500 sau.