Med smaken av urter og rein natur

Telemarklam er reint og naturleg kjøt frå lam som kjem rett frå dei frodige fjellbeita i Fyresdal. Heile sommaren beiter dyra i frisk luft på saftig gras, med mykje gode urter og friskt fjellvatn. Terrenget gjer til at dyra får mykje mosjon i løpet av ein sommar! Det gjer ein fantastisk god smak på kjøtet, som du vil merke. Vi sel både ferskt lammekjøt og pinnekjøt, og er opptekne av å lage pinnekjøt av heile dyret. Våre pinnekjøtpakker inneheld difor ikkje berre vanlege ribbesider, men også bogstykker, rygg/sadel, og fenalår. Slik får du som kunde meir kjøt, med mindre bein og feitt pr kilo vare.